Mer
om Terje Vigen og aktørene fra Hordaland Teater:
TERJE
VIGEN av Henrik Ibsen
Regi: Vera Rostin Wexelsen
Skuespiller: Jan Erik Christensen
Komponist/musiker/tekniker: Kristian Børve
Kostyme: Britt Koldal
Vera Rostin Wexelsen:
Ho har vore teatersjef på Hordaland Teater sidan 1998.
Samstundes som ho har vore leiar for Hordaland Teater, har
ho mellom anna instruert ”Den riktige vind”,
”Fiskekongen” ” Barnet utan alder”
og «Den Svakaste». Ho har og medverka som skodespelar
ved Hordaland Teater; i ”Hamlet” og ”Eit
menneske kjem til verda”. Tidlegare har ho mellom
anna arbeidd som skodespelar og instruktør i Flaminiateatret
og ved ulike regionteater, og ho har vore teatersjef ved
Nord-Trøndelag Teater.
Jan
Erik Christensen:
Han er utdanna dokkespelar og dokkemakar, dekoratør
og audiopedagog. Christensen var tilsett ved Oslo Nye Teater
sitt dokketeater i fem år. Han kom til Hordaland Teater
ved starten i 1987, og har vore tilsett ved teatret sidan.
Opp gjennom åra har han hatt mange framsyningar ved
Hordaland Teater mellom anna frå ”Fiskekongen”
og ”Den lille piken med fyrstikkene” og sist
frå «Utgreiing frå eit akademi»
av Kafka.
Kristian
Børve:
Han har vore tilsett ved Hordaland Teater sidan 2000 som
lydansvarleg. Til Vigen-produksjonen har han komponert musikk
og spelt inn denne sjølv på ulike instrument.
HENRIK IBSEN (1828-1906)
Diktet om Terje Vigen blei første gang trykt i Illustreret
Nyhedsblad i 1862. Blant nordmenn er kan hende dette Ibsen
sitt mest folkekjære verk. I fleire generasjonar har
menneske over heile landet deklamert ”Terje Vigen”
utenat. Unge og gamle, med eller utan litterær bakgrunn,
har blitt rørt av denne historia. Ibsen har dikta
om enkle og fundamentale menneskelege kjensler og reaksjonar
samtidig som forteljinga har ei suveren kunstnerisk utforming.
Framleis lever vitnefaste forteljingar langs Sørlandskysten
om modige sjøfolk som i nødsåra før
1814 rodde til Danmark for å hente nokre få
tønner korn til dei fattige familiane sine. Då
Ibsen budde i Grimstad på 1840-talet, kan det enno
ha levd menneske som sjølv hadde vore med på
dette. På same måte som Ibsen nokre år
seinare henta hovudpersonen i ”Peer Gynt” frå
ei ”sann ”historie som verserte på folkemunne,
henta han altså også Terje Vigen frå ”det
verkelege livet”.
Men Terje Vigen skil seg som person klart frå dei
fleste andre mannlege hovudpersonar i Henrik
Ibsen si dikting. Til forskjell frå for eksempel tittelpersonane
i ”Brand” og ”Peer Gynt”, tar Terje
sine plikter som ektemann og far dødsens alvorleg.
Den smålåtne og folkelege sørlands-losen
blir, når rekneskapen blir gjort opp, ein berar av
nokre av dei eigenskapane Ibsen sette høgast: Personleg
mot, truskap og generøsitet.
Ei av Hordaland Teater sine oppgåver er å formidle
delar av kulturarven vår. Denne produksjonen er eit
eksempel på det. Samtidig er ”Terje Vigen”
ei god historie med ein klar moral som har aktualitet også
i vår tid: Den som står sigrande att til sist,
er den som er sterk nok til å tilgi!
Denne framføringa vil for nokon vere første
møte med ”Terje Vigen”, og for andre
vil det vere eit kjært gjenhør. Dei som tidlegare
sjølve har lese diktet eller høyrt det framført,
har ofte si eiga oppleving av tolkinga.
Vårt mål har vore å la Ibsen sin tekst
stå så klar og rein som mogleg. Samtidig håpar
vi det musikalske underlaget skal vere med å framheve
og forsterke handlinga.
av
Vera Rostin Wexelsen
Instruktør og teatersjef
Ord og uttrykk:
fokken: skråsegl på staget
tress: seksti
jungmann: ung sjømann i grad mellom dekksgut og matros
briggen: tomasta seglskip med rær på begge
master.
hesplet: å hespa, vinda opp garn eller snøre.
man of war: krigsskip
mers: utkikkplattform i ei av mastene på seglskuter.
korvett: mellomstort orlogsfartøy, bygd som skarpseglar
og nytta i vakttenesta.
loss: laus, fri / nytta om tau, trosse, segl på skip).
batalje: kamphandling
prisonen: fengslet
fregatt: fullrigga krigsskip av lettare type med tre master.
patent: lospatent, setifikat som los.
jakt (= yacht), lystfartøy
mylady: tiltale til ei lady, dame av det engelske aristokratiet.
morild: lys frå små organismar, plankton, finst
i vatnet når det er mørkt.
le: den sida av fartøyet som vender frå vinden.
luvart: vindsida
stagseil: segl på staget, eit tau eller ein bardun
som går på skrå oppover og støttar
masta.
Gå over stag- gå baut.
skjøtet:
tau frå seglet som nyttast til å halda segla
strekte i vinden.
flu: båe eller skjer som er synleg ved lågvatn.
Besøk Hordaland
Teater sin hjemmeside.
Registrer
deg for å motta email om informasjon om det som skjer.
|