om oss kontakt oss sjømannsmisjonen forsiden
Please note that this event has taken place.

I samarbeid med Hordaland Teater inviterte vi til:
Terje Vigen

av Henrik Ibsen
Onsdag 31. mars, 2004, kl 1900

Klikk her for å lese anmeldelsen i Norway Times

Regi: Vera Rostin Wexelsen
Skodespelar: Jan Erik Christensen
Komponist/musikar/teknikar: Kristian Børve

I det dramatiske diktet Terje Vigen viser vår verdskjende diktar Henrik Ibsen for ein stor forteljar han er. Gjennom 43 vers stig ei historie fram som bergtek oss enno i dag. Ikkje berre lærer vi Terje Vigen å kjenna, men heile tidsepoken han levde i blir levande for oss.

Denne framføringa vil for nokon vere første møte med "Terje Vigen", og for andre vil det vere eit kjært gjenhør. Dei som tidlegare sjølve har lese diktet eller høyrt det framført, har ofte si eiga oppleving av tolkinga. Vårt mål har vore å la Ibsen sin tekst stå så klar og rein som mogleg. Samtidig håpar vi det musikalske underlaget skal vere med å framheve og forsterke handlinga.

Blant nordmenn er kan hende dette Ibsen sitt mest folkekjære verk. I fleire generasjonar har menneske over heile landet deklamert "Terje Vigen" utenat. Unge og gamle, med eller utan litterær bakgrunn, har blitt rørt av denne historia. Ibsen har dikta om enkle og fundamentale menneskelege kjensler og reaksjonar samtidig som forteljinga har ein suveren kunstnerisk utforming.

Hvor:Den Norske Sjømannskirke i New York
Når : Onsdag 31. mars, 2004, klokken 1900
Donasjon: $10
Informasjon: ring 1 212 319 0370
Besøk Hordaland Teater sin hjemmeside.

Registrer deg for å motta email om informasjon om det som skjer.

Der bodde en underlig gråsprengt en
på den ytterste, nøkne ø..."

Mer om forestillingen og aktørene

Les hele diktet